frode kj%c3%a6rleik
    Odda forspill!



    Ei drøy veke før Litteratursymposiet inviterer vi gode oddavenner og festivalgjester til ein forsmak av Odda på Litteraturhuset i Bergen.

    Frode Grytten analyserer den historiske augneblinken då Erna Solberg kom til Odda tidligare i år. Cecilie Løveid og Mari Kvien Brunvoll presenterer ein smakebit av årets bestillingsverk i tekst og musikk: Enke-Enke, om Norges første kvinnelige forfattar, Dorothe Engelbretsdotter.

    Erlend O. Nødtvedt er kveldens arbeidarklassehelt. Henning H. Bergsvåg les eit nytt dikt, like melankolsk som det er vittig. Det blir opplesing -og kort samtale- med Olaug Nilssen. Og ikkje minst: Frode Gryttens Check List for alle som går med planar om å dra til Odda på Litteratursymposium i oktober!

    Rykande ferske programkatalogar kjem direkte frå trykkeriet!

    Festivalleiar Marit Eikemo er kveldens programvert.

    Tid: 1 oktober,  kl. 20.00
    Sted:  Olav H. Hauge, Litteraturhuset i Bergen


    Arrangør: Litteratursymposiet i Odda, Litteraturhuset i Bergen og Norsk Forfattersentrum Vestlandet

    Sjå omtale på LItteraturhusets nettsider

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017