fordeogpedro px xpningenx sml
    Full Clash i Lindehuset!



    Revolusjonsrock! Ein tilstand av sjokk! The Clash ville vere røysta til ein heil generasjon, dei ville endre verda, dei gløda i fem-seks år, så brann dei ned. Men arven deira er vital og veksande. No i 2013 er det lett å sjå at The Clash var eit band som påverka korleis folk tenkte og som på briljant vis skapte sjølve lyden av endring. Først og framst var dei eit fantastisk band med ei rad klassiske songar som fusjonerte kvit støy med svart reggae, ska, dub, funk, hiphop. Frode Gryttens roman i haust, Brenn huset ned, fortel ei poetisk historie om bandet. Laurdagen i Lindehuset får Clash-songane klinge fritt. Saman med Pedro Carmona-Alvarez og fullt band vil Grytten gå over songane på ny og vri dei i si retning. Fullt fyr i teltet! Full Clash!

    Innleiingsvis vil Henning H. Bergsvåg samtale med Frode Grytten om den kritikarroste romanen Brenn huset ned

    Medverkande
    Frode Grytten (røyst)
    Pedro Carmona-Alvarez (song, gitar)
    Michael Barnes (saksofon, fløyte, perkusjon)
    Ivar Thormodsæter (trommer)
    Ole Amund Gjersvik (bass)
    Einar Sogstad (orgel, piano)

    Laurdag kl. 18.00 i Lindehuset.

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017