bergsveinn birgisson
    Årets deltakarar



    Litteratursymposiet i Odda 2016 går i år føre seg 12.- 16. oktober, med HJELP! som årets tema.

    Tema opnar for spørsmål som: Kva er det som motiverer menneske til å hjelpe kvarandre? Hjelper vi fordi vi bryr oss om korleis andre har det, eller forbi vi vil skaffa oss godt samvit? Litteratursymposiet skal utforska den norske sjølvgodheita. Vi skal innom hjelpelause menn og kvinner som treng hjelp, bistand og omsorg, terapirom og varme hender. Og ikkje minst skal vi kikke litt ekstra på sjølvhjelpslitteraturen.

    Helle Helle, danske litteraturs gran lady,  som skriv sylskarpt om nokon litt hjelpelause skikkelsar, kjem til Odda for første gang. Helle sine bøker har fleire gonger vore nominerte til nordisk råds litteraturpris. Lars Amund Vaage frå Kvinnherad, som skriv så vart om dei utsette, og om dei spåklause, og Beate Grimsrud, som har skrive nådelaust om psykiatri, og så fint om det skjøre i vennskap, kjem tilbake til Odda. 

    Nokre av landets finaste unge forfattarar kjem: Ida Hegazi Høyer har gitt ut fire bøker på fire år, fleire av dei prisvinnande. Ho skriv intense og rare og fine bøker om einsame skikkelsar. Eivind Hofstad Evjemo har markert seg med gode bøker heilt sidan debuten, og skriv m.a. om omsorg på eit strukturelt plan. Eirik Ingebrigtsen fekk nyleg Nynorsk litteraturpris for romanen Spikrar frå fallande plankar, ein roman om å forholda seg opent til det ukjende og å gje rom til dei andre, i eit samfunn der ikkje alle får plass.

    Erika Fatland si bok Sovjetistan vann Heile Hardanger og Voss les, som Årets favorittbok 2015.

    Professor Terje Tvedt har markert seg som ein uredd debattant, og var opphavsmann til omgrepet godheitsregimet. Han skal halde HJELP!-essayet. Lindis Hurum, nødhjelpskoordinator for Leger utan grenser, har skrive bok om sine erfaringar frå internasjonalt hjelpearbeid og kjem truleg til Odda direkte frå oppdrag ute. 

    Thure Erik Lund kjem til Odda to ganger i år: han var på Jernrosa politiske litteraturfestival, og han kjem tilbake til littsymp. Lund er ein av våre mest kompromisslause forfattarar.

    Fribyforfattarar er ei ordning der forfulgte forfattarar og kunstnarar frå beskyttelse i vestlege land. Vi har invitert fleire av dei til Odda i haust.  Haile Bizen Abraha  frå Eritrea har budd i Kristiansand sidan 2011. Han har m.a. omsett Karius og Baktus til tigrinja. Soudabeh Alishahi frå Irak har nyleg gitt ut si romanen Smil på Gyldendal, der ho med galgenhumor og stor innleving flettar iransk dagligliv og den politiske røynda før og etter innføringa av prestestyret saman.
     
    Andre som kjem er teikneserieskapar Flu Hartberg, mannen bak Fagprat. Filosof, målvakt og gjengangar Øyvind Kvalnes har nyleg gitt ut boka Hjelp og det er ei glede å melde at Dalen Lyrikk,  etter utallige oppmodingar, endeleg får Jon Hjørnevik på besøk på littsymp.

    Oddaforfattarar kjem sjølvsagt heim. Marit Eikemo skal ha sitt eige talkshow. Bjørn Ingvaldsen har ikkje vore her på lenge, men kjem i haust. Frode Grytten kjem med ny novellesamling: Menn som ingen treng og Lars Ove Seljestad har nok noko i ermet han óg. 

    Skulane får besøk av fine forfattarar som Tor Arve Røssland, Annette Münch, Hilde Kvalvåg, Aleksander Løken m.fl. Det blir mykje teater for dei minste i år: på SmåSymp blir det teater, basert på Bjørn F. Rørvik si bok Rebusløpet, og Adele Lerum Duus kjem til bibliotek og barnehagar.

    Dato for Litteratursymposiet i Odda 2016 er 12. – 16. oktober.
    Programmet lanserast i starten av september.

    Les meir om deltakarane her, og sjekk ut bøkene deira!

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017