erlend o n%c3%b8dtvedt%2c
    Unorsk av Nødtvedt



    Kvart år inviterer Litteratursymposiet ein av sine gjester til å skrive og framføre ein tekst om årets tema. I år er temaet unorsk, og vi har gitt oppdraget til  Erlend O.Nødtvedt. Publikum har god grunn til å gle seg. Mange har framleis friskt i minne Nødtvedts allereie legendariske versjon av John Lennon-klassikaren Working Class Hero i Lindehuset i fjor, også det på bestilling frå Litteratursymposiet. I år ser vi fram til diktarhelten frå Fyllingsdalen sine refleksjonar rundt det unorske,  på Litterær kraftstasjon i Lindehuset, onsdag kl.19.00.
     
    -- Eg likar veldig godt å skrive bestillingstekstar, det tvingar meg ut av eigne idiosynkrasier og er ein fin muligheit til å ta litterær stilling til motivkrinsar og tematikkar som ligg utanfor min eigen bakgård, så å si. Kanskje er det noe unorsk ved sjølve bestillingstanken som bryt med ei seigliva norsk, romantisk kunstoppfatting? Seier Erlend Nødtvedt. 

    Tidligare har mellom andre Kjartan Fløgstad, Vigdis Hjorth og Cathrine Grøndahl skrive bestillingsessay som dei har framført på Litteratursymposiets opningsdag.
    .
     
     

    < Tilbake

    Katalog 2016

     

    Katalog 2016