2012fengsladamergb
    Fengsla



    I år er det 10 år sidan starten på Litteratursymposiet. I jubileumsåret har vi vald eit aktuelt og ope tema for festivalen.

    Årets tema for Litteratursymposiet i Odda er fengsla, som i juss, forbrytelse og straff - og krimlitteratur. Samtidig rommar det tema som kjærleik og begjær, einsemd, alderdom, demens og død. Litteratursymposiet har med fengsla velt eit aktuelt tema, delvis motivert av den pågåande terrorettssaka, samtidig som det er eit ope tema som gir fleire relevante inngangar til samtidslitteraturen.

    Litteratursymposiet i Odda blir arrangert 10. -14. oktober 2012

    Mange deltakarar på årets symposium er alt på plass. Blant dei som deltar for første gong nemner vi Linn Ullmann, Niels Fredrik Dahl, Tom Egeland, Cathrine Grøndahl, Ketil Bjørnstad, Johan Jönson og Maja Ratkje.

    Kjente og kjære symposievener som Kjartan Fløgstad, Dag Solstad og Vigdis Hjorth, Pedro Carmona-Alvarez, Trond Espen Seim og Linda Eide kjem tilbake til årets symposium, i tillegg til oddaforfattarar som Frode Grytten og Lars Ove Seljestad.

    Litteratursymposiet feirar i år sitt første store jubileum. Gjennom debattar, opplesingar, seminar, samtalar, byvandringar og konsertar vil symposiet fengsle publikum i 2012, som vi har gjort sidan byrjinga for 10 år sidan.

    Litteratursymposiets eigen designar Augon Johnsen har tatt utgangspunkt i den doble tydinga av fengsla i utforminga av årets symbol. Variasjonar av dame og mann-symbola frå dei tidlause toalettskilta har vore uløyselig knytt til symposiets profil sidan starten.

    Litteratursymposiet er ein svært populær litteraturfestival som veks for kvart år. Det som begynte som eit lokalt arrangement med lokale forfattarar, er no blitt ein av Noregs mest særprega litteraturfestivalar. Med fjorårets publikumsrekord på 8047 hadde vi for andre gong fleire besøkande enn det er innbyggjarar i heile Odda kommune. 


    Følg med på våre nettsider og symposiegruppa på Facebook for meir informasjon og programslepp i løpet av sommaren.



    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017