Men Buicken står her fremdeles

Konsertversjonen av Lars Saabye Christensens amerikareise!

Lars Saabye Christensen dro til USA i 2008 for å vere gjesteredaktør for eit nummet av Dagbladet Magasinet. Avisas kulturjournalist, Tom Stalsberg, og fotograf Lars Eivind Bones reiste saman med han. Det blei eit nummer av Magasinet som oste av USA, men det blei også meir: Det oppstod ein skriven vennskap mellom Saabye Christensen og Stalsberg. Dei begynte å skrive skisser og dikt, og då dei kom heim, fortsette dei å sende kvarandre dikt på sms og på e-post, som gøymde USA-opplevingar.

Hausten 2009 reiste dei tre tilbake, og resultatet blei ”Men Buicken står her fremdeles” – ei samling fotografi, dikt og tekstar om å synge ein blues for eit USA som har så mykje å by på.

Ein vinterdag tar forfattarane med seg tekstane i studio og saman med to av landets fremste musikarar, Knut Reiersrud og Stian Carstensen, improvoserer dei fram ein heilt unik lydbok – prega av overskot og nærvær.

På Litteratursymposiet får vi oppleve konsertversjon av denne amerikareisa.
 
Tid: Laurdag 15 oktober klokka 12.00
Stad: Hardanger hotell
 
Sist oppdatert: 02.06.10 15:58
Lars Saabye Christensen

Lars Saabye Christensen