Festivalleiar: Marit Eikemo
telefon: 41688376, epost:
marit.eikemo@odda.kommune.no
Programansvarlig: Else Marie Sandal
telefon: 97 55 84 87, epost:
else.marie.sandal@odda.kommune.no
Teknisk ansvarlig: Bluesklubben Lukst utøve
v/Stein Egil Legård: 97558458
epost: stein.egil.legard@odda.kommune.no
Kultursjef i Odda Kommune: Nina Kongtorp
telefon 97 55 84 51, epost:
Nina.Kongtorp@odda.kommune.no
Tenestetorget
tlf 53 65 40 00 epost:
tenestetorget@odda.kommune.no.
Design: Augon.
Nettsted utviklet av: Orgdot AS.
Møt Hanne Ørstavik i samtale med Marit Eikemo
Hanne Ørstavik har sidan debuten i 1994 skrive ni romanar og eitt lesestykke. Ho blir rekna som ein av skandinavias mest spennande forfattararar i sin generasjon. Med hennar gjennombruddsroman, Kjærlighet, skapte ho med hovudpersonen Vibeke ei skandinavisk Madame Bovary, som den danske litteratuvitaren og kritikaren LIllian Munk Rösing sa i sin presentasjon av forfattarskapen til Ørstavik i høve utmerkinga Årets festspilldiktar i Bergen.
I forfattarsentrum si grunngjeving for valg av årets festspilldiktar, tok dei utgangspunkt i Ørstaviks siste roman 48 rue Defacqz frå 2009. Romanen opnar slik: «HVEM ER DET SOM SNAKKER? / Jeg vet ikke. / (stille) / Jeg ser huset, noen av rommene.Fortauet, gaten utenfor. Figurene som kommer til syne. Det er alt.» Romanopninga viser ein veg inn i romanen som ikkje er rett og klår, den peikar heller mot noko ubestemt, ope og diskutabelt, til liks med fleire av Hanne Ørstaviks andre bøker.
Det handlar ofte om å utforske grenser, både i høve til språk og røynd; det er bøker med eit språk som er stødig og utan store ord, men som gjerne uttrykkjer motsatsen, det ustødige. Hjå Ørstaviks romankarakterar kan ein ofte ane ei underliggande uro, som om dei er i fare, som om liva og handlingane deira alltid står i høve til ein viss risiko, det er noko som står på spel.