Smussforedraget av Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad vil framføre eit nyskrive essay på bestilling frå Litteratursymposiet i Odda, i tradisjonen til klassikaren Loven vest for Pecos.

Loven vest for Pecos er ei samling essays som Fløgstad skreiv mellom 1975-80. På ulike vis hevdar dei at skilnadene mellom «høg» og «låg» kunst, mellom dei kunstverka som blir skapte innanfor offisielle kulturinstitusjonar på den eine sida, og det som kulturindustrien framstiller for det moderne massepublikum på den andre sida, er mindre enn ein vanlegvis førestiller seg. Eller dei er i alle høve av ein annan karakter. Og sjølve det å etablera slike falske skilje har fått katastrofale følgjer for den samfunnsmessige plasseringa av kunsten i utvikla og industrialiserte delar av verda, meiner Fløgstad. Loven vest for Pecos har blitt ein referansetekst innanfor kulturteorien, og har inspirert ein heil generasjon kunst- og litteraturinteresserte i Norge.

Tid:     Onsdag 13 oktober klokka 17.00
Stad:  Bokbadet
 
Sist oppdatert: 02.06.10 16:15
Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad

Foto: Hans Jørgen Brun