Kontakt oss

Festivalleiar: Marit Eikemo
telefon: 41688376, epost:
marit.eikemo@odda.kommune.no  

Programansvarlig: Else Marie Sandal
telefon: 97 55 84 87, epost:
else.marie.sandal@odda.kommune.no

Teknisk ansvarlig: Bluesklubben Lukst utøve
v/Stein Egil Legård: 97558458
epost: stein.egil.legard@odda.kommune.no
 

Kultursjef i Odda Kommune: Nina Kongtorp
 telefon 97 55 84 51, epost:
Nina.Kongtorp@odda.kommune.no

Tenestetorget
tlf 53 65 40 00 epost:
tenestetorget@odda.kommune.no.

Design: Augon.
Nettsted utviklet av: Orgdot AS.

John Olav Nilsen & Gjengen til Odda!

14. oktober speler Norges beste band på Litteratursymposiet: John Olav Nilsen & Gjengen, frå 5071 til 5750, frå Loddefjord til Odda! Billettsalet er opna, ikkje vent!

Under årets LItteratursymposium fusjonerer Loddefjord med Odda, og kaboom: ODDAFJORD!

John Olav Nilsen & Gjengen har revitalisert norsk rock med sine songar på bergensk, med tekstar som fortener å bli hørt også på ein litteraturfestival. Fyrt opp av pønkens energi, postpønkens fridom og postpostpønkens varme, er John Olav Nilsen eit uvanlig talent som brenn seg gjennom alle høgttalarar. Han viser at det er fullt mulig å synge om sin eigen, vesle stad på slikt vis at det blir gyldig for alle. I Lindehuset på Odda Smelteverk der dei tidligare skapte industrimagi ved å destillere flytande luft, vil det denne kvelden bli produsert eitt tonn rockemagi. Allsong & valiumsvals! Diamantar & kirsebær!

For kva blir eigentlig 5071 + 5750? For sant til å vere godt!

Billettar til John Olav Nilsen & Gjengen kostar 250,- (100,- for ungdoms/studentbillett), og kan kjøpast på Tenestetorget i Odda,
tlf:  53 65 40 00.

Det øvrige billettsalet til Litteratursymposiet opnar 1. juni.

 

Sist oppdatert: 02.06.10 16:03
John Olav Nilsen & Gjengen

John Olav Nilsen & Gjengen