Kontakt oss

Festivalleiar: Marit Eikemo
telefon: 41688376, epost:
marit.eikemo@odda.kommune.no  

Programansvarlig: Else Marie Sandal
telefon: 97 55 84 87, epost:
else.marie.sandal@odda.kommune.no

Teknisk ansvarlig: Bluesklubben Lukst utøve
v/Stein Egil Legård: 97558458
epost: stein.egil.legard@odda.kommune.no
 

Kultursjef i Odda Kommune: Nina Kongtorp
 telefon 97 55 84 51, epost:
Nina.Kongtorp@odda.kommune.no

Tenestetorget
tlf 53 65 40 00 epost:
tenestetorget@odda.kommune.no.

Design: Augon.
Nettsted utviklet av: Orgdot AS.

Ein fantastisk suksess!

Litteratursymposiet 2009 var ein stor suksess, både kunstnerisk og publikumsmessig. Nærmare 6000 deltok på årets symposium, noko som er ei dobling av besøkstalet frå i fjor.

 --Dette er over all forventing, og eit strålande utgangspunkt for det vidare arbeide, seier festivalleiar Marit Eikemo.


Årsaka til at så mange kom på Litteratursymposiet i år er først og fremst eit  kjempegodt program. I år kunne vi registrere mange fleire tilreisande enn tidligare i tillegg til ei generell auke i den lokale oppsluttinga.


-- Vi visste at programmet ville trekke mange folk, men at så mange som 260 skulle gå Bikubegang med Frode Grytten på laurdagen, kunne ingen sjå føre seg. Vi hadde heller ikkje forventa over 400 på barnearrangementet på laurdag, seier Eikemo.


Fleire arrangement var utselt, og på fredag kveld opplevde vi  at publikum forsøkte å snike seg inn på ein litterær diskusjon på Hardanger Hotell.
--Kven skulle tru at litterære diskusjonar skulle bli så populære i Odda, seier Eikemo.


No må vi jobbe med arenatilrettelegging og overnattingskapasitet, som var utfordringar i år.


I det vidare arbeidet er det viktig å bevare den unike stemninga og intimiteten som er så karakteristisk for Litteratursymposiet, og som gjer at forfattarane ønsker seg tilbake hit år etter år.  


-- Målet for Litteratursymposiet er å bli fast post på statsbudsjettet i 2011. At Litteratursymposiet blir fast post på Fylkeskommunen sitt driftsbudsjett frå 2010, betyr mykje for  forutsigbarheten i økonomien, og er samtidig eit viktig signal til regjeringa, seier Eikemo
Sist oppdatert: 22.01.10 13:36
Fra barneprogrammet på Meieriet

Fra barneprogrammet på Meieriet

Helge Skodvin

Lindehuset

Lindehuset

Fortetta og intens stemning på Lindehuset under heile Litteratursymposiet.

Helge Skodvin

Fullt hus på Lindehuset under opningsforestillinga

Fullt hus på Lindehuset under opningsforestillinga

Helge Skodvin