LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

VALD

Velkomen til ein samtale om dei meir destruktive delane av attrå. Eivind Riise Hauge, Per Knutsen møter Henning H. Bergsvåg.

Begjær etter vald, til å straffe og kontrollere andre. Forfattarane Eivind Riise Hauge og Per Knutsen utforsker begge tematikken i sine bøker: Dette ønsket om kontroll, det destruktive suget som ikkje heilt kan forklarast, og som nokre gonger heng tett saman med erotiske impulsar.

Eivind Riise Hauge har hausta lovord for årets roman Korrektur av et sorgens kapittel.  Her hamnar vi inne i hovudet til serieforbrytaren og valdsmannen Rorgen. Vi blir med på ei reise gjennom ei broket fortid heilt tilbake til det han ikkje kan hugse, og til den skjebnesvangre episoden som er grunnen til at han no sit i varetekt og venter på sin skjebne. 

På scena møter Riise Hauge ein av landets mest undervurderte forfattarar: Per Knutsen. Han kjem til Odda med ei splitter ny bok under armen: Nakken vil ikke bøye seg, ein hardtslåande roman om tenåringen Teo, fortalt i eit livskraftig og rått språk.  Teo  bur i ein heim det er vanskeleg å vere i, han opplever ting ingen ungar skal måtte tåle. Poet og litteraturformidlar Henning H. Bergsvåg styrer ordet. 

Pris

150,-

Dato og tid

07.10 kl. 13.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

EIVIND RIISE HAUGE
EIVIND RIISE HAUGE
PER KNUTSEN
PER KNUTSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HENNING H. BERGSVÅG