UTSTILLINGSOPNING: DET NORSKE BIBLIOTEKET

Opning v/ Fylkesbibliotekar Ruth Ørnholt på Lindeplassen. Fotograf Jo Straube og forfattar Frode Grytten i samtale med Elise Winthertun på biblioteket.
Symposieutstillinga 2017 er fotograf Jo Straube si kjærleikserklæring til det norske biblioteket.

Då fotograf Jo Straube vart fødd, i 1983, hadde Noreg 1395 folkebibliotek. Sidan den gong er halvparten av bibliotekfilialane nedlagd. Fotodokumentasjonen Det norske biblioteket er ei hyllest til biblioteka, ein av dei mest demokratiserande institusjonane vi har i landet. Biblioteka sprer kunnskap og kunstopplevingar til alle og er eit av få stader der ein ikkje skal legge igjen pengar. Døra inn dit er open for alle uansett alder og økonomi. Biblioteka finnast i kvar einaste kommune.

Frå i hovudsak vere ein stad der ein låner bøker, fungerer dagens bibliotek og som ein levande og dynamisk debattarena og møteplass. Det ligg ei stor utfordring i å tilby noko til alle – frå forteljarstund for barn, ungdomsklubb til eldre-universitet og språkkafé. Mange filialar yt service til ei vaksande gruppe innvandrarar, og ein svinnande generasjon som vil lese papiraviser. Når biblioteket fungerer som eit kunnskapssenter og ein møteplass, har institusjonen ei helt avgjerande funksjon i demokratiet.

Biblioteka står ovafor ei historisk utfordring i takt med digitaliseringa av samfunnet. I trange kommunebudsjett blir biblioteka pressa langsamt ut.  Resultatet er færre lokale avdelingar, og nokre få sentraliserte og større institusjonar.

Med fotodokumentasjonen «Det norske biblioteket» ville Straube både vise variasjonen innad i folkebiblioteka i ulike deler av landet, og fortelje ei samla historie om Norges bibliotek – frå sentrum til periferi. Han har reist land og strand rundt og besøkt dei store praktbiblioteka og filialane bak posten på butikken.

Straube seier sjølv: «Etter barndommen vart biblioteket bare noe jeg tok for gitt. Det var ikke før en av mine gode venner som var aktiv i samfunnsdebatten fortalte hvilken avgjørende rolle ettermiddagene på biblioteket på Stord hadde hatt å si for han. Han vokste opp i et hjem uten bøker, med indiske foreldre på Stord. Etter skolen gikk han på biblioteket og leste det han hadde lyst til, og lånte det med seg hjem. Nå har Tom en lederstilling i Asia, etter at han takket nei til plass på aspirantkurset til Utenriksdepartementet. Han mener det er bibliotekets fortjeneste at han har kommet dit han er i dag.»

Frode Grytten har skrive eit innleiande essay og små tekstar som skal kome mellom bileta i boka som er under utgjeving.

Prosjektet er støtta av Fritt Ord og Kulturrådet.
 

Dato og tid

onsdag 11. oktober kl. 16:00

Medverkande

UTSTILLINGSOPNING: DET NORSKE BIBLIOTEKET

Katalog 2017

 

Katalog 2017