UTSTILLINGSOPNING: Desert Gaze/ Ørkenblikket

Symposieutstillinga 2018 er John Erik Riley si utstilling basert på sakprosaboka "Øynene i ørkenen".
Kjell Håland, nestleiar KIRU HFK, opnar utstillinga. John Erik Riley i samtale med Henning H. Bergsvåg. 

John Erik Riley er ute med sakprosaboka Øynene i ørkenen, der han undersøkjer høgaktuelle tema som dagens overvakningskultur, livet med smarttelefon, fremveksten av fake news, autoritære strømnmngar og ekkokammer. Utgangspunktet hans: å undersøke staten si overvaking av éin person, blir etter kvart ei granskning av korleis sosiale medie har gjort oss alle til etterforskarar i kvarandre sine liv. For kor går grensa mellom opplysing og overvaking i strøymen av bilete over skjermen? Kva fortel kravet om likes, hjarter og kommentarar om samfunnet vi er i ferd med å skapa? På kva måte har blikket vårt endra seg? Og finst det frisoner utanfor dei etablerte sosiale rammene eller alternative synsmåter?

Før tok ein eit bilete for fotoalbumet, for minna. I dag tek ein eit bilete for augneblinken. Eg er her. Akkurat no. Sjå meg. Delingsfunksjonen – som via mobilen knapt er til å skilje frå sjølve fotograferinga – gjer noko med forståinga av fotografiet som medium, men og med vår måte å sjå verda på.

Kvar går grensa mellom opplysning og overvaking i straumen av bilete på skjermen? Kva fortel kravet om likes, hjerte og kommentarar om samfunnet vi er i ferd med å skape? På kva for måte har blikket vårt endra seg? Og finst det frisoner utanfor dei etablerte sosiale rammene, eller alternative synsmåtar?

Undersøkingane tek John Erik Riley til ørkenane i Sør-California, til ein søvnig ferieby på den engelske austkysten, til ein skoleklasse i Bærum, til ei hytte i Espedalen og til slutt til Washington (DC), under demonstrasjonane mot Donald Trump. Undervegs tek han sine eigne bilete, ikkje meint for nettverka, men som ein måte å rense blikket på, sjå verda på ny.mer

Øynene i ørkenen er ei bok om problemstillingar som ein kvar med ein smarttelefon vil kjenne att. Men ho handlar og om å dyrke det særeigne, personlege og amatørmessige, og om det er naudsynt  å utforske nye mentale landskap og gjenerobre tapt terreng. Og om å finne teikn til liv på dei mest ugjestmilde stader.

Kunstprosjektet Desert Gaze/Ørkenblikket tar innhaldet i boka på alvor og synleggjer det i samanhengar der dei vanligvis ikkje kjem til uttrykk. Tekstar og fotografi frå boka vil få ein estetisk og fysisk form i rommet. Utstillinga skal visast i eit bygg på smelteverket som ikkje har vore ope for publikum tidlegare.

 

Dato og tid

onsdag 10. oktober kl. 16:00

Sted

DUNKELAGERET

Medverkande

UTSTILLINGSOPNING: Desert Gaze/ Ørkenblikket

Katalog 2018

 

Katalog 2018