TUNG TIDS TALE

Olaug Nilssen om sin nye roman Tung tids tale. I samarbeid med Ullensvang bibliotek.
Olaug Nilssen har nett gjeve ut romanen «Tung tids tale», ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?
Olaug Nilssen held foredrag med utganspunkt i boka.

Eit samarbeid mellom Litteratursymposiet i Odda og Ullensvang bibliotek.

 

Dato og tid

torsdag 12. oktober kl. 12:00

Sted

GLØYP, KINSARVIK

Medverkande

TUNG TIDS TALE

Katalog 2017

 

Katalog 2017