LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
SUMAYA JIRDE ALI
SUMAYA JIRDE ALI
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
VIGDIS HJORTH
VIGDIS HJORTH
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

SKRIVESKULAR: KREATIVITETENS DØD?

Gunnar Wærness, Maia Siverts, Ida Lødemel Tvedt og Morten Langeland i samtale om skriveskular.
SKRIVESKULAR: KREATIVITETENS DØD?
Skriveskular og skrivekurs blir stadig meir populære, og det finst eit vell av kurs og lengre utdanningar i kreativ skriving. Samtidig lever myten om forfattaren som eit einsamt geni i beste velgåande, og skriveskulane har fått kritikk frå fleire hald. Særskilt har det blitt hevda at dei som går på skriveskule endar opp med å skrive likt og flinkt, og at dei som går der er for unge, for kvite, for mellomklasse - ja, for like.

Skrivekunstakademiet i Hordaland er ein av dei eldste og mest sentrale institusjonane som driv undervisning innan skjønnlitterær skriving i Noreg. Ein rekke norske og nordiske forfattarar underviser der, og mange av studentane seinare har blitt suksessrike forfattarar. Morten Langeland er poet og nytilsett skrivelærar på Skrivekunstakademiet. Han får no høve til å stille seg sjølv og andre dei store spørsmåla: Kva lærer ein eigentleg når ein lærer å skrive? Å gjere som dei andre, eller å finne si eiga stemme? Kan ein eigentleg lære å bli forfattar?

Langeland får hjelp av forfattarane Gunnar Wærness, Maia Siverts og Ida Lødemel Tvedt til å tenke høgt om desse spørsmåla. 


I samarbeid med Tekstallianse.

 

Venue

Gratis

Dato og tid

fredag 11. oktober kl. 14:00

Medverkande