LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

LITTERÆR HEILAFTEN.

Opplesing v/ Inger Bråtveit, Marit Eikemo, Jan Kjærstad m.fl. Bokprat med Erlend Loe. Kveldens konferansier: Ruth Lillegraven.
Høyr forfattarane lese frå årets beste bøker. Annen del vies til bokprat med ein aktuell forfattar.

I 2004 skreiv Erlend Loe den første romanen om Doppler som stakk til skogs og blei ven med elgen Bongo. I 2005 kom oppfølgaren Volvo Lastvagnar. No er Doppler tilbake!

Etter år i dei djupe skogane, kjem Doppler på at han har familie. Han plasserar elgen Bongo i ein kennel for hjortedyr og vandrar inn i Oslo. Han gler seg til å sjå igjen kone og ungar, men det gamle huset hans ser framand ut. Og i namnefeltet på postkassa, er hans eige namn strøket ut, og eit nytt sett inn: EGIL HEGEL. Doppler trur han har nådd botnen, men krenkelsane har berre så vidt begynt!

Slutten på verden slik vi kjenner den, er årets bok frå Loe. Møt han til opplesing og bokprat på Litterær heilaften.

Vi byr og på smakebitar frå årets beste bøker:

Inger Bråtveit si nye bok Alice A4 går i ein meddiktande, mytologisk og ulogisk dialog med Lewis Carroll si barnebok Alice i eventyrland frå 1865. I Bråtveits roman er Alice ei ung jente på terskelen mellom barn og vaksen. Romanen fortel ei både bakvend og rett fram historie om korleis Alice mistar og finn seg sjølv att gjennom det ho håpar og trur er den fyrste store kjærleiken – ein kjærleik ho etter kvart som ho vert eldre, med valdsam kraft prøver å kjempa seg ut or og fri seg frå. Men kvar gong Alice trur seg fri, oppdager ho at ho på nytt er fanga inn av si eiga innbilte frigjering. Alice A4 syner gjennom språk og innhald at forelskinga har sin eigen absurde logikk, og at kjærleikens vegar er uransakelege. Bråtveit skriv med stor kraft om kjønn, klasse, makt og raseri.
 
I Marit Eikemo si nye bok Alt inkludert møter vi eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor. Eikemo sitt blikk på samtida er skarpt og relevant, utan å vere moraliserande. Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja på seks år inn i eit hybelhus i eit vanleg norsk nabolag, utan nettverk, vener eller møblar. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på FINN.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng. Eit fellesskap oppstår med menneska i huset, gata og nærområdet, og til å begynne med manøvrerer Agnes greitt gjennom dagane. Men når pengane minkar, løgnene blir fleire og skulestart nærmar seg, blir omgangen stadig meir utfordrande. Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, av utanforskap og fellesskap, og av korleis ein lever nedlest av ting, på evig jakt etter meir.

Mørk materie, Tormod Haugland sin nye roman starter slik: "Eg heitte Atle Vilder, var femtito år, og budde i et eldre hus ein stad på Vestlandet. Og staden heitte Gran. Og eg hadde budd i huset i tjueåtte år. Og eg var heime i huset mitt i Gran, eg stod på kjøkenet og såg ut av vindauget. Og på bordet låg eit brev. Det var eit brev frå Lise, kona mi. Eg hadde ikkje sett henne på år og dag." Brevet set tankane i sving og får Atle til å sjå tilbake. Etter kvart vert han ført tilbake til heimbygda og faren Bernhard som han braut med då han flytta til Gran for mange år sidan. Mørk materie syner Tormod Haugland på sitt aller beste. Det handlar om kjærleik, om å velje sitt eige liv og om å gjere seg fri, om å vere både far og son – og det handlar om å ha ein plan, som kanskje går på tvers av andre sine planar.

Simon Stranger sin nye roman "Det som en gang var jord": Byen er okkupert, og rundt den er det reist ein mur. Berre eit minimum av matvarer slepp gjennom. Det finst ingen vegar ut eller inn, bortsett frå ein. I det skjulte jobbar Mikael med å grava ut ein tunnel til den andre sida. Doktorgrada hans er det ingen som har bruk for, men han kan grave, og han kan bera. Når tunnelen opnar, blomstrar byen på ny. Plutseleg har folket mat i butikkane. Plutseleg kan Mikael sjå spor av glede i blikket til Miriam. Kan kjærleiken deira reddast? Og Isak, den vesle sonen deira, vil han kunne oppleva noko anna enn okkupasjon og vald? Håpet om å sleppe vekk og starta på nytt tvinger Mikael til å ta eit val som bryt med alt han står for. Men finst det eigentleg val i situasjonen han er i?

Det som en gang var jord er ein roman om ei verd ikkje langt frå vår eiga. Det er ein roman om ikkje å gje slipp, om lengta etter det tapte, og om å halde håpet levande, sjølv i det mørkaste mørke.

Ruth Lillegraven er kveldens konferansier.

Venue

250,-

Dato og tid

fredag 09. oktober kl. 19:00

Medverkande

LITTERÆR HEILAFTEN.