LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
SUMAYA JIRDE ALI
SUMAYA JIRDE ALI
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
VIGDIS HJORTH
VIGDIS HJORTH
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

SmåSymp

Anna Fiske og utdrag frå Hei Kalas!
SmåSymp er symposiets faste laurdagsforestilling for dei yngste gjestene. Kun det beste er godt nok når de unge og håpefulle stiller på symposiet for første gang. I år blir det opplesing med illustratør, teikeserieskapar og forfattar Anna Fiske frå hennar rykande ferske biletbok Hallo havet! og ein mini-forestilling av "Hei Kalas!"

Hallo havet - Anna Fiske har tatt lesarane med unger jorda, ut i byen og opp i verdensrommet i Hallo-bøkene sine. Denne gang skal vi under vann. Gjennom eit heilt år følgjer vi livet i havet, der det bur fleire skikkelser og skjer meir enn kva ein skulle tru! Her finn vi havfruer som hopper tau, kneggande havhester og ei rokke med rockesveis. Her finst restar av forliste sjørøverskip, og ruinane av gamle tempel. Finn fram badering og svømmebriller, så dreg vi!

HEI KALAS!
Alle synger om hest og hund og katt
Om søte små valper pakket inn i vatt
Men ingen husker kloakkdyra
Kloakkdyr er bra
Stygge dyr er også bra
 

Hei Kalas! synger og speler musikk med ein underfundig undertone. Sangane er morosame på ein trist måte, eller triste på en morosam måte. Det handlar om kva ein tenkjer på og opplever i kvardagen. Store ting og små ting. Om at det står mykje rart i avisa, som at ein mann sette fyr på sin egen godteributikk. Kvifor vil nokon gjere det?

Sangane er mynta på born, men Hei Kalas! meiner born og vaksne er opptatt av dei same tinga, berre i litt ulik skala. Det er ikke bekymringsfritt å være barn eller voksen.
 
Hei Kalas! speler konsertar og undrer seg over verda og livet og dyra og menneska saman med publikum. Kvifor er verdsrommet uendeleg? Kva skjer når nokon døyr og kvifor står alt det gode på øverste hylle så ein ikkje når opp? Med fokus på gode tekstar klarar Hei Kalas! å formidla heilt kvardagslege ting på ein måte som både born og vaksne kjenner seg igjen i. På SmåSymp blir det utdrag frå familieforestillinga som vert vist i sin heilskap litt seinare på dagen: På Iris scene kl. 14.00.

 

Venue

75,-

Dato og tid

laurdag 11. oktober kl. 11:00

Medverkande

SmåSymp