LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

SLEPPFEST - TEAM TUVA

Sleppfest for Marit Eikemo si nye bok Team Tuva!
Team Tuva prøver vi å finne ut kva det er med Tuva. Dette er forteljinga om Tuva, slik vi ser henne gjennom fastlegen, psykologen, advokaten, den personlege trenaren, tannlegen, snikkaren og bankkontakten. I kraft av yrkene sine har dei alle innblikk i livet hennar, og avdekker i tur og orden stadig nye sider: Vondtane i kroppen, uroa for barnet, medisinbruken, rotet i heimen, skilsmissa, ein spontan idé om å kjøpe eit forsamlingshus og eit enkelt arveoppgjer som tar ei uventa retning. Samstundes har desse menneska sine eigne forteljingar og livssituasjonar, og vi får glimt av draumane og utfordringane deira, der dei blir spegla i Tuva sin kvardag.

Team Tuva er ein roman om å møte og å sjå kvarandre, om korleis vi aldri kan få eit fullstendig bilde av andre sine liv - men den handlar også om korleis vi på overraskande måtar verkar inn på livet til kvarandre, og at det kanskje dei mest uventa personane som ser oss tydelegast når kriser rammar.

Med seg på scena har Eikemo Gertrud Korff (terapeut), Per Jordal (jurist), Margrethe Ølberg Røed (prest), og programvert Karl Ystanes. 
 
marit%202012

Pris

150,-

Dato og tid

06.10 kl. 17.00

Sted

IRIS SCENE

Medverkande

MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO