LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

SLEPPFEST: OSKESPIRALEN

Leander Djønne romandebuterer på Oktober forlag!

Oddaforfattar Leander Djønne romandebuterer med «Oskespiralen». Djønne skriv om alt det vonde som renn nedover slekta, og om naturen som legg sine premiss for ein familie i hat og oppløysing.

 

"Ru nevar heldt stramt rundt sleggjeskaftet. Sleggja heldt han balansert i brattbakkane. Sleggja og spettet. Han høyrde til her. Ikkje der ute som fjorden opna seg. Her inne var det. Mellom stupbratte fjell. Mellom ras, steinrøyser og jord. Stubbebrytar, feisel, bergjarn, kilar, sleggje, spett. Reiskapar roa han. Kjensla av å arbeide med tida, ikkje mot ho."

 

Sonen har sona straffa si, han ynskjer hemn. Broren leitar etter ljos og frelse. Faren byggjer gravhaugar. Mora ropar frå dødsriket.

 

Oskespiralen er ei forteljing om to brørs oppgjer med fortida, ein far med umenneskeleg framferd og ei ur som er i ferd med å losne over heimegarden. I Leander Djønnes særeigne prosa blir valden og raseriet som gjennomstrøymer denne slekta skildra med nådelaus kraft.

0871A524-A009-4A32-BA74-7E803EFB9465%20(1)

Pris

150,-

Dato og tid

06.10 kl. 21.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
KIM CHRISTER HYLLAND
KIM CHRISTER HYLLAND
KARL YSTANES
KARL YSTANES