LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

SLEPPFEST: LIVSLYST

Lansering av Anne Oterholm sin tiande roman Livslyst!
Oterholm møter Rune Christiansen til samtale. Han har  nyleg kome ut med sin tiande roman: Saken med den tapte tidens innfall. Samtalen finn stad på det ti års jubilerande Sentralbadet litteraturhus.  Oterholm og Christiansen samtalar om romanane sine, om å skrive og om å lære nokon å skrive. 

Om Livslyst:
Åsta tenker at ho skal halde fram med å vere i det øyeblikket ho faktisk er i, resten av livet. Ho er førtifire år, barn har aldri vore ein del av planen. Ho er høg og tynn og alltid svolten. Av utdanning er ho lærar, men ho trivst betre i jobben som reinhaldar: Det er variert arbeid i private heimar, og kollegaene er greie nok. Ho dater ein del, men bruker mykje av fritida på å sjå dokumentarar om tema som opptek ho, særleg om emne innanfor biologien.

Åsta bur i eit rekkehus nær foreldra. Faren trur på ein Gud som skal dømme levande og døde, medan mora set si lit til økonomiske investeringar. Broren Kristian er revisor med eige firma. Vi blir fødde, vi lever, vi døyr. Spørsmålet er: Er det dette som er livet? Livslyst følger ei ganske vanleg kvinne gjennom førtiåra og over i femtiåra. Forlaget skriv: «Anne Oterholm skriver ikke for de sart, men det er lov å le!»

Om Saken med den tapte tidens innfall:
Eit par månader etter at mora er død, reiser Norma til far sin Torsten, som har busett seg i eit ombygd sommarhus ute på ei øy. Torsten og mora skilde lag då Norma var midt i tjueåra. Norma er sjølv i ferd med å bli skilt: Dottera har ho satt igjen hos faren i byen denne veka i juni. Kva skjedde eigentleg då foreldra levde saman, og kva skjedde då dei skilde seg? Kva var det ho ikkje fekk med seg? Korleis blir foreldra og barna sine historiar så ulike? Kva er det som skjuler seg under og mellom det som blir fortalt? Som vaksen vil Norma vite. Kanskje har det ingen ting å seie, men ho vil vite.  
 

Pris

150,-

Dato og tid

07.10 kl. 15.30

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

ANNE OTERHOLM
ANNE OTERHOLM
RUNE CHRISTIANSEN
RUNE CHRISTIANSEN