SJÅ PÅ MEG

Geir Gulliksen og Vigdis Hjorth møtest til samtale om nye bøker og forfattarskap dei har bak seg.
Korleis forstår vi oss sjølve i relasjon til andre? To av våre fremste samtidsforfattarar, Vigdis Hjorth og Geir Gulliksen, er aktuelle med romanar i haust som på ulike måtar tematiserer slike spørsmål. I Hjorth si Lærerinnens sang møter vi Lotte Bøk, den Brecht-glade undervisaren på Kunsthøgskolen som får sjølvoppfatninga alvorleg rokka då ein student filmar henne. I Gulliksens Se på oss nå møter vi Hans og Harriet, som ikkje likar kvarandre då dei treffest, men kor ein spesiell relasjon oppstår og får store konsekvensar for dei rundt. 

Dato og tid

fredag 12. oktober kl. 12:00

Medverkande

SJÅ PÅ MEG

Katalog 2018

 

Katalog 2018