Katalog 2019

Littsymp2019_poster

Pop-up: Area 51 på Hornhøgtalar

Musikkverket Area 51, eller område 51, vart først framført som tingingsverk på Kongsberg Jazzfestival. I fjor framførte Morten Qvenild og Frode Grytten verket under litteratursymposiet. I år kjem Morten Qvenild tilbake til Odda og i veska si har han ei plateinnspeling av verket. Den einaste testplata i verda!

Plata skal ikkje spelast kor som helst eller på kva som helst utstyr! I Odda kino står ein fantastisk høgtalar. Ein Klangfilm Bionor hornhøgtalar. Sist den vart spelt på var under litteratursymposiet i 2007. No kjem "lydnerdane" Per Morten Ekerhovd og Lars Tørresen tilbake til Odda for å yta plata til Morten og Frode rettferd.
Arrangementet er gratis.
 
Dato og tid

laurdag 12. oktober kl. 19.15
Pop-up:  Area 51 på Hornhøgtalar