PENGEPOETEN

Øyvind Berg i samtale med Pedro Carmona-Alvarez. Øyvind Berg er ein undersøkande, skeptisk, sjølvkritisk og sjølvironisk poet.
Øyvind Berg er ein undersøkande, skeptisk, sjølvkritisk og sjølvironisk poet. I Berg sin anti-poesi er det forestillingane om våre system, konvensjonar og tradisjonar som blir granska; kjærleiken, pengane, røynda, krigen, politikken og historia blir studert, problematisert og latterleggjord. Poeten klandrar og peikar. Poesien er ei lanse poeten kastar med all si kraft mot all verdas synlege og usynlege drittsekkar. Det er ikkje klassekamp som ligg til grunn for maktkritikken, men ein kamp mellom verda og poesien; mellom det tildekte og språkets strid for å kunne uttala sanning blant all løgn. Pedro Carmona-Alvarez vil snakke med Øyvind Berg om poesi, pengar, makt, drittsekkar, rasshol, skjønnhet og motstand. 
 

 

Dato og tid

torsdag 12. oktober kl. 13:00

Medverkande

PENGEPOETEN

Katalog 2017

 

Katalog 2017