Katalog 2019

Littsymp2019_poster

OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA - DET BLINDE ØYE

Fotograf Rune Eraker
Korleis ser konsekvensane av klimaendringar ut? Kven er det som merkar følgene av utbyttinga av planeten vi bur på? I utstillinga “Det blinde øye” går fotograf Rune Eraker tett på menneska.

Eraker sin metode er å gjere klimautfordringar meir konkrete og håndgripelege for dei av oss som enno ikkje er så hardt ramma av endringane.

Gjennom fotohistorier ledsaga av tekst, introduserer han oss for menneske som alt har erfart konsekvensane av endringane på kroppen. Fotografia vitnar om korleis vår moderne livsførsel fører til at menneske andre stader på kloden kjemper mot ekstrem tørke, auka nedbør, fleire stormar, tinande permafrost og hav som truar med å overfløyme land og byar. 

I katalogen som følger utstillinga skriv Eraker:
«I en tid der vår tids største utfordring er klima, er det i vårt land olje, statsbudsjett, evalueringer og mer for hver krone som gjelder. Det er boligpriser som ikke må falle. Aviser som skal selges. Politikere som stadig skal måles i terningkast og popularitet. Som dessuten skal gjenvelges. Om fire år. Syklusen er fire år. Denne utstillingen; denne boken, handler om dette. Om det hundreårsperspektivet vi mistet og om de som først får betale prisen. Prisen for at syklusen nå er så kort at den ikke lenger tar høyde for kommende generasjoner. Den tar ikke en gang høyde for de som lever nå.»

Det blinde øye vart først vist på Oslo Rådhusgalleri i 2013, så på Bymuseet i Bergen og Tromsø Kunstforening i 2014, og på Preuss Museum i 2018. Sjølv om utstillinga er seks år gamal, og enkelte av bileta fleire år eldre, er ho, diverre, meir aktuell enn nokon gang. 

 

Dato og tid

onsdag 09. oktober kl. 18:00

Medverkande

OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA - DET BLINDE ØYE