LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA

"The hopelessness of being alive" er namnet på årets utstilling av Maria Pasenau.
The Hoplesness Of Beeing Alive er ei bok beståande av tekstar, teikningar og fotografi. Boka er nummer tre i rekka av sjølvpubliserte bøker, og tek opp menneska si naive tillit til allmenne fakta. Den handlar om frykt for framtida, men uttrykker òg eit håp om endring. Pasenau skildrar sjølv publikasjonen som ei slags sjølvhjelpsbok; med humor og skildring av det surrealistiske i kvardagssituasjonar navigerer den mellom vanskelege og skumle tema. 

Bokprosjektet starta med ei utforsking av hennar eigne grenser for tekst og tankesprang. Pasenau er dyslektikar. Ho har opplevd tekst som vanskeleg og kjedeleg, og har med vilje avstått frå å skrive på grunn av skrivefeil og dårleg sjølvkjensle. Motstand er sentralt i hennar kunstnariske praksis, ein motstand mot å ta innover seg dei faste og rigide rammene som samfunnet set. Gjennom å vise det uperfekte – skrivefeil i tekstar og verkstitlar, får verka eit ytterlegare personleg lag. Pasenau skaper eit fritt rom, kor publikum kan opne seg for nye innfallsvinklar, meiningar og tankar. Målet er ikkje å overtyde nokon, men snarare å opne opp for ei lausriving frå avgrensande kategoriar, som rett og galt, ja og nei. 

“The Hoplesness Of Beeing Alive” er utgangspunkt for Pasenau si soloutstilling på Litteratursymposiet, der ho jobbar vidare med tematikken frå boka, og gir fotografia og teikningane frå publikasjonen meir spelerom. Utstillinga kjem òg til å famne om element som ikkje kom med i utgjevinga: Skulptur, måleri og performance. Utstillinga er slik både ei forlenging og ei kontekstualisering av boka.

På opningsdagen blir det performance i utstillinga, av og med Pasenau og Johanna Scheie Orellana (bassfløyte). 
 
utstillingsopning%202

Pris

GRATIS

Dato og tid

08.10 kl. 17:30

Sted

NITROGENANLEGGET

Medverkande

MARIA PASENAU
MARIA PASENAU
JOHANNA SCHEIE ORELLANA
JOHANNA SCHEIE ORELLANA