Katalog 2019

Littsymp2019_poster

OM SORG

Ole Robert Sunde og Hilde Kvalvaag i samtale.
Kva gjer vi når det verste skjer? Å miste ein av sine nærmaste til døden er den vondaste krisa dei fleste kan sjå for seg, og noko vi alle vil oppleve på eit tidspunkt. Kva gjer eigentleg sorg med den som blir att, korleis går vi vidare utan den vi elskar, anten det er eit barn eller ein ektefelle? Ja, er det egentlig noko som heiter “å gå vidare”, og at “tida leger alle sår”, eller er det berre ein tom lovnad som kan opplevast klam og trivialiserande? Klarar vi som samfunn å romme den store og rå sorga hos dei som opplever tap, eller ventar vi ei “verdig” og helst ikkje for langvarig sorg? Forfattarane Ole Robert Sunde og Hilde Kvalvaag har begge opplevd å miste nokon, og skriv om opplevingar av tap og sorg i bøkene sine. Dei møtest til samtale. 
 

Dato og tid

laurdag 12. oktober kl. 14:00

Medverkande

OM SORG