OG I SPELET KUNNE SORGA LETNA OG BLI TIL FLOG

Knut Hamre og Ola E. Bø framfører slåttar frå Granvin, og tekstar av Jon Fosse og Olav H. Hauge.
Dei siste to åra har spelemannen Knut Hamre spelt inn det han sjølv kan, og elles har kome over av slåtterepertoaret som har vore i bruk i Granvin. Bortimot 100 hardingfeleslåttar kjem ut i ein CD-boks med fyldig dokumentasjon på plateselskapet Grappa til neste år. Ola E. Bø, dramaturg ved Det Norske Teatret, har valt ut ulike tekstar av Jon Fosse og dikt av Olav H. Hauge. Både Hamre og Bø har tilknyting til diktarane på ulikt vis, gjennom samarbeid i konsertar, i teatret og privat. Gjennom spel, samtale og utdrag frå ulike delar av Fosses mangslungne forfattarskap og Hauges dikting  har dei sett saman eit program der spel er ein tydeleg tråd.
 

Dato og tid

søndag 15. oktober kl. 16:00

Medverkande

OG I SPELET KUNNE SORGA LETNA OG BLI TIL FLOG

Katalog 2017

 

Katalog 2017