NOBELSAMTALE

Kva skjer i Svenska Akademien?
For første gong sidan krigen skjer det i år inga utdeling av Nobelprisen i litteratur, verdas mest høgthengande litteraturpris. Svenska Akademien, den historiske kulturinstitusjonen som har stått bak utdelinga, står fragmentert tilbake etter skandalar som har vekt stor oppsikt både i Sverige og internasjonalt. Institusjonen har vore anklaga for neddyssing av seksuell trakassering, korrupsjon, gubbevelde og utpressing av tidlegare ständig sekreterare Sara Danius. Kva er det eigentleg som har hendt i Akademien, kor går vegen vidare for Nobelprisen i litteratur, og kva for maktdynamikk er det som eksisterer kring litterære prisar?

Professor i nordisk litteratur Eirik Vassenden og den svenske forfattaren Lena Andersson møter litteraturvitar Elise Winterthun til samtale.

Dato og tid

laurdag 13. oktober kl. 14:00

Medverkande

NOBELSAMTALE

Katalog 2018

 

Katalog 2018