NATTSVØMMING

På med badebuksa! Bli med på nattbad i Oddas legendariske folkebad.

Mennesket består av 72,8% vatn, og Odda Folkebad held nattope. Det blir våt musikk, flytande poesi og flygande poetar. I år hyller vi stuparen, ho eller han som hiv seg ut i lause lufta, ho eller han som ikkje har fast grunn under føtene, men som kjempar mot elementa og tyngdekrafta nokre tidelar før vassflata seier hallo. Anten du vil hive deg uti sjølv, eller bare vil nyte showet frå tribuna; dette må du ikkje gå glipp av. Makan har du garantert ikkje sett før i Odda by.

Dato og tid

torsdag 12. oktober kl. 22:00

Medverkande

NATTSVØMMING

Katalog 2016

 

Katalog 2016