LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

MUSIKK OG LITTERATUR

Lars Saabye Christensen og Pedro Carmona-Alvarez møter Kjetil Vikene.

“Uten musikk ville livet vært en feil”, skreiv Nietzsche. Gjennomgåande finst det mange berømte utsegn om forholdet mellom musikk og ord, skrivne av forfattarar sjølve. Til dømes skriv både Victor Hugo, H.C. Andersen og Heinrich Heine aforistisk om korleis musikken startar der orda sluttar. Filosofen Schopenhauer skriv til alt overmål at dei andre kunstartane berre talar om skuggane, medan musikken talar om essensen.

Forfattarane Lars Saabye Christensen og Pedro Carmona-Alvarez driv begge to òg med musikk. Saabye Christensen i bluesbandet Norsk Utflukt og Carmona-Alvarez mellom anna i det smått legendariske bandet Sister Sonny og som soloartist under namnet som Moon Pedro.

Vi spør: Kva gjer musikken som ikkje orda klarar åleine? Og korleis endrar orda seg om ein skriv dei for musikk? Korleis påverkar dette sambruket lyttinga til andre forfattarar sine ord? Og kva meining les dei inn i andre sin musikk? Og kva er verdas beste låt? Saabye Christensen og Carmona Alvarez møter Kjetil Vikene.

saabye

Pris

150

Dato og tid

08.10 kl. 14.00

Sted

ODDA KINO

Medverkande

LARS SAABYE CHRISTENSEN
LARS SAABYE CHRISTENSEN
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
KJETIL VIKENE
KJETIL VIKENE