MODERNISME OG REALISME

Tomas Espedal og Grethe Fatima Syéd i samtale med Elise Winthertun.
Heilt sidan modernismen gjorde sitt inntog for hundre år sidan har den blitt anklaga for å setje form over politisk medvit, og samstundes blitt intenst mytologisert. Gertrude Steins salong på 1920-talet står att som sjølve symbolet på den avantgardistiske gullalderen. På den andre sida har delar av realismen vorte skulda for å vere overfolkeleg og skli over i forenklande slagord, og for å vere ute av kontakt med den stadig meir kaotiske verda vi lev i. Er modernismen ei retning berre eliten kan koste på seg, og kva for plass har realismen i dag?

Grethe Fatima Syéd og Tomas Espedal møtest til samtale om modernisme, realisme og kva for ein litteratur som er best egna til å skildre vilkåra menneska lever under. Ordstyrar er Elise Winterthun.

Dato og tid

fredag 13. oktober kl. 16:00

Medverkande

MODERNISME OG REALISME

Katalog 2017

 

Katalog 2017