MARGUERITE DURAS

Til samtale om Marguerite Duras møtest forfattar Anne Oterholm, langvarig Duras-lesar, og Cathrine Strøm, forleggar hos Transit som har omsett og utgive fleire Duras-bøker på norsk. Samtaleleiar er kritikar Margunn Vikingstad.
Den franske forfattararen Marguerite Duras (1914-1996) reknast ofte som ein av dei opprinnelege «verkelegheitsforfattarane», ei litterær retning som tradisjonelt har stått sterkare og vore mindre kontroversiell i Frankrike enn i Skandinavia. Sjølv meinte Duras at ho skreiv dei same bøkene om og om att. Romanane kretsar kring oppveksten som kolonibarn i Indokina, erfaringane frå andre verdskrig, seksualitet og det uforløyste og uforsonlege i relasjonar mellom menneske. Kvifor har bøkene til Duras vore så viktige for mange skandinaviske forfattarar, kva er det ved bøkene som har gitt henne ein slik særskilt posisjon i medvitet til så mange lesarar?
 

Dato og tid

fredag 12. oktober kl. 19.00
MARGUERITE DURAS

Katalog 2018

 

Katalog 2018