LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

MØTE MED BYRÅKRATIET

Mímir Kristjánsson, Olaug Nilssen og Molly Øxnevad i samtale om kven som skal yta hjelp, i vår moderne individualistiske tidsalder.
Kven skal yta hjelp, i vår moderne individualistiske tidsalder? I løpet av eit liv vil dei aller fleste av oss trenge hjelp av velferdssystema. Nokre ofte og mykje, andre sjeldan. Molly Øxnevad, Olaug Nilssen og Mímir Kristjánsson har på ulikt vis skrive om sine eigne og familiemedlemer sin kamp med og mot byråkratiet som vaktar velferdsordningane våre. Det handlar om sjukdom, økonomi, omsorg og om retten til å få lov til å vere meir enn eit menneske som passar inn i eit skjema. Korleis fungerer desse systema, og kven hamnar innanfor og utanfor?

Mímir Kristjánsson har skrive boka Mamma er trygda, der han med både personleg kjensle og politiske argument skildrar mora sin sjukdom, og korleis sjukdomen har gjort ho avhengig av eit trygdesystem som krev meir energi enn det sjukdomen hennar tillet. Gjennom observasjonar av eige og mora sitt liv, går Kristjánsson fordomar i møte. 

Olaug Nilssen har gjennom fleire bøker skrive om korleis kampen for å få nok og riktig hjelp utartar seg i ein familie. Ho har skildra korleis det er å være mor til eit sterkt funksjonshemma barn, og fått fram sorgen og sinnet som vert fremprovosert i møte med systemet. I si siste bok, Yt etter evne, få etter behov, spør ho: Kven tek ansvaret ingen eigentleg klarer? 

Molly Øxnevad har skrive kortromanen Feminin gange der vi møter Tor og Liam på veg frå Stavanger til Rikshospitalet i Oslo i ein gamal varebil. Liam er trans og skal til sin andre konsultasjon for stadfestande behandling, men det går ikkje heilt som planlagd. 
Møt dei tre i samtale med Øyvind Kvalnes om systema som er til for å hjelpe oss.
 

Pris

150

Dato og tid

08.10 kl. 13.00

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande

MÍMIR KRISTJÁNSSON
MÍMIR KRISTJÁNSSON
OLAUG NILSSEN
OLAUG NILSSEN
MOLLY ØXNEVAD
MOLLY ØXNEVAD
ØYVIND KVALNES
ØYVIND KVALNES