LITTERÆR LUNSJ - Madame Bovary

Margunn Vikingstad om desillusjonsromanen og livsløgnsromanen Madame Bovary.
Desillusjonsroman og livsløgnsroman er nokre av orda som har blitt brukt om den store attenhundretalsromanen Madame Bovary av Gustave Flaubert, sjølve erkerepresentanten for den realistiske romantradisjonen. Romanen, som kom ut på fransk i 1857, har vore diskutert, analysert og filmatisert utallige gonger i åra som har gått. I år er romanen for fyrste gong utgive i nynorsk utgåve, i omsetjing av Margunn Vikingstad. Bli kjend med legefrua Emma Bovarys tragiske skjebne og Flauberts litterære kraft når Vikingstad held litterær lunsj om den franske klassikaren.
 

Dato og tid

torsdag 11. oktober kl. 11:30

Medverkande

LITTERÆR LUNSJ - Madame Bovary

Katalog 2018

 

Katalog 2018