LITTERÆR LUNSJ

Carina E. Beddari held foredrag om samtidsprosaen under kravet om sanning.
Vi lever i ei stadig meir fragmentarisk tid, kor vi hungrar etter det som er verkeleg sant i litteraturen, skreiv den amerikanske forfattaren David Shields i eit manifest i 2010. Med det introduserte han omgrepet reality hunger. Samtidsprosaen bør, ifølge Shields, gå på tvers av sjangrar og forsøke å spegle noko av den kaotiske notida.
Kva slags plass har fiksjonen under samtidas krav om sanning, og er han ute av takt med dei stadig meir flytande erfaringane som pregar notidsmennesket? Er grensene mellom sjølvbiografi, memoarar og fiksjon kunstig og bør viskast heilt ut? Er rein fiksjon blitt løgn og difor uinteressant for oss? Carina Elisabeth Beddari, fast kritikar i Morgenbladet og utnevnt til årets litteraturkritikar av Kritikarlaget, held foredrag om samtidsprosaen under kravet om sanning. Med utgangspunkt i forfattarar som Ali Smith og Rachel Cusk, vil ho sjå på kva tendensar som pregar prosaen i dag.
 

Dato og tid

fredag 12. oktober kl. 11:30

Medverkande

LITTERÆR LUNSJ

Katalog 2017

 

Katalog 2017