LITTERÆR KRAFTSTASJON

Symposiets opningsforestilling.
Nokre av våre finaste forfattarar og musikarar møtest i skjeringspunktet mellom det seremonielle, det humoristiske og det kunstnarisk nyskapande for å feire at vi har Litteratursymposium i Odda. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun opnar symposiet og svenske UKON, forfattar og psykiater, held årets essay om løgn. Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez framfører sin hyllest til Den norske Forfatterforeningen sitt 125-årsjubileum. Det norsk – gambiske stjerneskotet Camara Lundestad Joof deler tankar om identitet og Tønes syng ei av sine vare viser. Syng gjer òg Miss Tati og elevar ved Odda ungdomsskule, og så kjem nok Helge Olsen innom. Kanskje tar han med seg ein kompis.

Dato og tid

onsdag 10. oktober kl. 19:00

Medverkande

LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2018

 

Katalog 2018