Katalog 2019

Littsymp2019_poster

LANSERINGSFEST - HARDANGER

Sleppfest for Marit Eikemo si nye bok.
Eikemo er tilbake med historier frå Hardanger i si nye novellesamling. Vi snakkar homoerotikk på Dronningstien, lokale talkshow, sider og rasfare. 

Møt Marit Eikemo med venner: Bjørn Tomren, Annlaug Børsheim, Frode Grytten, Lars Korff Lofthus og Karl Ystanes. 


Det unike i det lokale
I eit skur på Kvanndal kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen.

Novellene i Hardanger handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale, og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske.

Dato og tid

laurdag 12. oktober kl. 15:30

Medverkande

LANSERINGSFEST - HARDANGER