LANDSBYEN SOM BLEI BORTE

Klyngetunet - Den norske landsbyen. Boklansering.
Trudde du nordmenn alltid har budd på kvar si tue? Då må du tru om igjen. Det fanst tusenvis av landsbyliknande klyngetun i Noreg. Dette landsbylivet gjekk tapt då bygda blei modernisert i siste halvdel av 1800-talet, og bonden tok steget inn i pengesamfunnet. Gamle felleskap vart splitta og bygdelandskapet totakt endra. Kva gjekk tapt, og kvifor vart nokon fellestun ståande att? Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth har leita opp femti klyngetun frå Agder til Troms, og presenterer dei i boka Klyngetunet - Den norske landsbyen. Dei møter Guttorm Rogdaberg til samtale om klyngetuna og dette levesettet i eit av dei største og best bevarte klyngetunet vi har - Agatunet. I samarbeid med Agatunet og Skald forlag. 
 

Dato og tid

søndag 14. oktober kl. 14.00
LANDSBYEN SOM BLEI BORTE

Katalog 2018

 

Katalog 2018