Katalog 2019

Littsymp2019_poster

LA DET VERE FOLK I SETNINGANE

Marit Eikemo og Bjørn Tomren
I eit fortetta og neddempa program møter vi forfattar Marit Eikemo og musikar Bjørn Tomren. I løpet av denne timen vil Eikemo lese tekstar som dannar ein raud tråd gjennom hennar forfattarskap, og Tomren vil synge kjende popsongar som er sentrale omdreiningspunkt for dei begge. 
Ingen som har hørt Bjørn Tomren synge, vil nokon gong glømme det. Med si gudebenåda stemme tolkar han så vidt forskjellige artistar som Elvis, Whitney Houston, Jim Reeves og The Supremes, for å nevne nokre. I tillegg er han kjend for sin spektakulær strupesong og jodling. I haust gav han ut si første soloplate: Bad Science Fiction. Marit Eikemo frå Odda har gitt ut 5 romanar og ei essaysamling, og i haust kjem novellesamlinga Hardanger. 
 

Dato og tid

søndag 13. oktober kl. 14:00

Medverkande