KAPITAL – SLIK BOURDIEU SER DET

I dette mini-foredraget diskuterer sosiolog og forskar Merete Jonvik kapitalomgrepet slik sosiologien, Bourdieu og ho sjølv ser det.
Sosiologen Pierre Bourdieu er opphavsmannen til omgrepet kulturell kapital. Kulturell kapital handlar om kulturelle ressursar som utdanning, meistring av kulturelle kodar og danning. Det mest kjende verket til Bourdieu, «Distinksjonen, en sosiologisk kritikk av dømmekraft»,  er ei framløfting av korleis kulturelle maktfaktorar skapar sosial ulikskap og bidreg til sosial eksklusjon. Boka anerkjenner at økonomisk kapital er den viktigaste forskjellsskapande mekanismen i samfunnet, men knyter kulturelle maktfaktorar uløyseleg saman med økonomisk og politisk makt.
 

Dato og tid

fredag 13. oktober kl. 15:00

Medverkande

KAPITAL – SLIK BOURDIEU SER DET

Katalog 2017

 

Katalog 2017