Katalog 2019

Littsymp2019_poster

GRAVSKIKKAR I HARDANGER I JERNALDEREN

Arkeolog Anne Drageset om feltarbeid og dødsminner frå Hardangerregionen. I samarbeid med Senioruniversitetet
Bortimot alle jordbruksbygdene langs Hardangerfjorden har gravminne frå jernalderen, perioden frå ca. 500 f.kr. fram til omkring 1050. Det finst over tusen forhistoriske graver i Hardanger, og gravskikken er prega av stor variasjon. Ved å analysere samansetninga av gravene si fysiske oppbygging, kjem mønstre som viser rituala si utvikling og kompleksitet fram. Graver representerer det sterkaste konkrete uttrykket vi har om fortidas dødsfrestillingar og kosmologi. Religiøse forestillingar var ikkje det einaste som sette spor i ei gravferd. Også sosialt tankegods gav utslag på måten dei etterlatne handterte eit dødsfall. Graver kan med dette sjåast som forhistorias mentalitet nedfelt i det fysiske landskapet. Gravminna langs Hardangerfjorden forma, og blei forma av, omgjevnadene. Dei tilførte mening og tid til folka og landskapet. Det var eit landskap for dei levande, men etter kvart som tida gjekk, eit landskap i aukande grad også for dei døde. Eit viktig aspekt er difor kor i landskapet gravminnene blei lagde, og korleis topografiske og lokalgeografiske forhold påverka val av gravstad. 

 

Dato og tid

torsdag 10. oktober kl. 11:30

Medverkande