Katalog 2019

Littsymp2019_poster

FRÅ VOGGE TIL GRAV

Fredrik Hagen, Gunstein Bakke og Aina Villanger i samtale med Henning Bergsvåg.
Aina Villanger, Gunstein Bakke og Fredrik Hagen barkar saman for å diskutere dei djupaste spørsmål. Dei har nemleg alle skrive originale verk som møter dei store emna: Fødsel og død. Villanger fekk nyleg Stig Sæterbakkens ærespris for Nattnød, ei gripande diktsamling om å bere fram eit barn og om den nådelause barselperioden med sine skrik, si ammetåke, jammer og sjelenød. Fredrik Hagen har gjennom sine diktsamlingar utforska det vanvittige og ufrivillige i å bli fødd, undringar om døden og sjølvmord, om sjukdom og det som er mellom ingenting og ingenting – sjølve livet. Gunstein Bakke sin forfatterskap har heilt sidan starten kretsa som ein gribb kring dødstematikken. I romanen Havende skildrar han fleire skjebnetunge svangerskap, heilt frå mellomamerikanske freakshows på 1800-talet, via beinhard russisk realisme, tilbake til notidas Mexico.
I samtale med poet Henning Bergsvåg. 

 

Dato og tid

fredag 11. oktober kl. 12:00

Medverkande

FRÅ VOGGE TIL GRAV