FORRÆDERENS GUIDE TIL NORD-KOREA

Ein annnleis vegvisar til verdas mest umoglege land. Morten Traavik møter Bjørn Olav Jahr.
Etter eit tjuetals arbeidsopphald og reiser rundt i Nord-Korea over ein tiårsperiode, og ein serie verdskjente kunstprosjekt i tett samarbeid med landets kulturmyndigheiter, valde Morten Traavik hausten 2017 å avslutta forholdet.

No er han endeleg klar med boka han ikkje har villa eller kunna skrive før - ei ærleg, avslørande og engasjerande bruksanvisning til dette myteomspunne landet som mange har sterke meiningar om, men svært få har opplevd frå innsida.

Med det uventa og stadig meir inderlege venskapet med statstenestemannen «Mr. Win» som ramme, tek Traavik oss nærare livet til det tause majoriteten av dagens nord-koreanarar, som mot dei fleste odds prøver å leve vanlege og verdige liv i Kim-dynastiet sin skugge som kviler alle stader. Samstundes er det verken risikofritt eller utan kostnad å utfordra fasttømra fiendebilete, og den bokstavleg talt livsviktige tilliten og samholdet mellom dei vert satt under hardt press frå mange kantar.

Med varme, innsikt og glimt i auga, opnar Traavik opp både dei meir iaugefallande og dei hittil ukjende sider av det nord-koreanske samfunnet for lesaren, frå nullpunktet ved verdas mest militariserte grense (DMZ) mot erkerivalen Sør-Korea, via utstillingsvindauget og hovudstad Pyongyang til broa over Yalu-elva til storebror i Kina i nord. Men «Forræderens guide» er ikkje berre ei bok om landet Nord-Korea, men óg om dei som reiser dit - der ikkje alle kjem tilbake i live. Blant andre møter vi datanerden som i ei årrekke var landets talerør i Noreg, gründeren som ville kjøpe opp heile Nord-Koreas statsgjeld og ein kommande rockesongar på verdskongressen til ære for Kim Il Sung.

Møt Morten Traavik i samtale med Bjørn Olav Jahr.  

Dato og tid

fredag 12. oktober kl. 15:00

Medverkande

FORRÆDERENS GUIDE TIL NORD-KOREA

Katalog 2018

 

Katalog 2018