MORTEN QUENILD

Morten Qvenild (fødd 1978 på Kongsberg) er ein norsk jazzpianist og bandleiar, kjend frå ei rekkje innspelingar.
 
Han starta jazzkarrieren i storbandet Ung Musikk i 1995, gjekk på Toneheim Folkehøgskole (1997-1998), før han tok utdanning på jazzlinja ved Norges musikkhøgskole.

Han har tidlegare spelt i Østenfor Sol med m.a. Ole Jørn Myklebust, saman med Myklebusts OJ Trio, Shining (1999–2003) og Jaga Jazzist (2000–2002). Deretter etablerte han In The Country med medstudentane Roger Arntzen på bass og Pål Hausken på trommer (2003).
Qvenild er «orkesteret» i Susanna & the Magical Orchestra (2000–), og er også med i Jon Klette kvartett, The National Bank (2004–) og Solveig Slettahjells The Slow Motion Quartet.
Han deltok i 2003 og 2004 på turné med Nils Petter Molværs «Khmer» og med Bertine Zetlitz band.
 

Program 2018

MORTEN QUENILD

Katalog 2018

 

Katalog 2018