MARTHE VALLE

Marthe Valle (fødd 1982) er ein artist og låtskrivar frå Harstad, busett i Bergen.

I 2005 gav ho ut sin første CD, “It's A Bag Of Candy”, som ho vann Spellemannprisen 2005 i kategorien «beste nykommer» for. Ho var òg nominert i klassen beste kvinnelege artist same år. Marthe har hatt utallege singlar lista på norsk radio, har gjeve ut sju plater og turnerer mykje. Ho er blitt godt kjent for sin tilstedeværelse på scenen.

I tillegg til karrieren som musikar er Marthe utdanna sjukepleiar, og har eit sterkt sosialt engasjement. I Bergen jobbar ho innanfor psykiatri og rusomsorg, og er dagleg engasjert med å hjelpe andre i sitt nærområde. Ho har samarbeidd med både Norsk Folkehjelp og Kirkens Bymisjon.

I perioder har ho jobba som helsearbeidar både i Midtausten og Hellas under flyktningkrisa, og har skrive og rapport om sine erfaringar derifrå. 
MARTHE VALLE