MARGOT-HELENE ROSVOLD

Margot-Helene Rosvold (fødd 1984) er oppvaksen i Vaksdal kommune. Ho har teke lærarutdanning ved Høgskulen i Bergen, og har sidan 2009 jobba som lærar i grunnskulen. Ho fekk augene opp for improvisasjon for ti år tilbake, då ho byrja spele fiolin i eit band i Norkirken Bergen. Her var ho med i fem år. No speler ho framleis i kyrkjelege samanhengar, i bryllaup og andre merkedagar, og på kulturelle arrangement, som Litteratursymposiets Smelteverksvandring. Margot-Helene sitt største ønskje er at musikken som blir skapt medan ho spelar kan gjere at menneske kjem nærare Gud.
 

Tidligere program

MARGOT-HELENE ROSVOLD

Katalog 2018

 

Katalog 2018