FILM: LIBERATION DAY

Liberation Day tek oss med bak kulissane til verdas mest surrealistiske konsert i den kalde krigs siste utpost.
Det steig røyk ut av både tastatur og øyrer då den norske kunstnaren Morten Traavik stelte i stand den første rockekonserten i Nord-Korea nokonsinne i 2015. På scena sto det eks-jugoslaviske kultbandet Laibach - berømt og berykta for totalitær estetikk, mørk og hardtslåande sound og slagordprega tekstar. Bandet er på mange måtar musikken sitt svar på Cindy Sherman, og synleggjer ideologiske system gjennom å iscenesetje og utspele dei tilsynelatande ukritisk.  

Liberation Day tek deg med bak kulissane til verdas mest surrealistiske konsert i den kalde krigen sin siste utpost. I salen ventar tidenes tøffaste publikum – 1 500 nord-koreanarar som aldri har blitt eksponert for vestleg, alternativ rock. Traavik dreg Laibach gjennom sensuren sitt trange nålauge, og bandet leverer musikalske godbitar som «The Sound of Music», «Do-Re-Mi», «Life is Life» og «The Final Countdown».

Regissør er Morten Traavik, norsk multikunstnar, kjend for omdiskuterte internasjonale iscenesettingar som «Miss Landmine» (2008-9), «Pimp My Aid Worker» (2010), det norske Forsvarets første huskunstnar og for ei rekkje banebrytande samarbeidsprosjekt med nord-koreanske kunstnarar og kulturmyndigheiter.  

Traavik møter Daniel Kalder, skotsk-texaner med fascinasjon for diktatorer og pasjonert Laibach-fan til kort preik etter film.

 

Dato og tid

laurdag 13. oktober kl. 13:00

Medverkande

FILM: LIBERATION DAY

Katalog 2018

 

Katalog 2018