ENDRE OLSEN SOLO

Solo-konsert med Endre Olsen.
Stordabuen Endre Olsen gav tidlegare i år ut si første norskspråklege plate, Bøttevis med blått. Den fekk Akersgata til å trilla terningen til fem, medan BT kalla det ein komande klassikar og gav seks av seks hjarte. Olsen hentar inspirasjon frå begge sider av Atlanteren: amerikansk køntrinerve i uslåeleg kombinasjon med britisk popteft. Tekstane er både opne og direkte, på syngjande stordamål. Til Odda kjem han aleine med gitaren, for å framføra songane sine slik dei no eingong vart skrivne.
 

Dato og tid

søndag 14. oktober kl. 19:00

Medverkande

ENDRE OLSEN SOLO

Katalog 2018

 

Katalog 2018