Katalog 2019

Littsymp2019_poster

DØDEN I MUSIKKEN

Døden i musikken of musikken i døden - eit musikkforedrag med Guttorm Andreassen
Heilt frå dei mørke holene i steinalderen, og fram til dagens trapmusikk, har døden alltid stått sentralt i musikkhistoria. Mozart skreiv sitt eige Requiem, og Bob Dylan insisterer på at «Death is not the end». Death metal stod sterkt i starten av 1990-talet og har fått eit kreativt oppsving dei siste åra. Eric Clapton og Nick Cave lagar musikk om dei døde sønene sine, og alle trommisane til Spinal Tap eksploderer på scenen. Buddy Holly og Elvis er døde. Verda grein då David Bowie og Aretha Franklin døydde. Gitaristen Randy Rhoades døydde i ei bisarr turnébussulykke. Kvifor døyr så mange kjende musikarar når dei er 27 år gamle?
Og du har vel bestemt kva låt som skal spelast i gravferda di?

Bli med Guttorm Andreasen på ei spennande reise i musikk og død!
 

Dato og tid

torsdag 10. oktober kl. 19:00

Medverkande