LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

BIKUBESALONG

Intime oppplesingar i stovene til folk i Murboligen. Pedro Carmona-Alvarez, Maria Navarro Skaranger og Tove Nilsen.
Arkitekt Egill Reimers si bustadblokk Murboligen i Odda vart bygd i 1915 og hadde 44 leilegheiter. Bustadblokka skulle ta unna for bustadnauda, som vaks i takt med industrireisinga i Odda. Trenden i byane var å byggje storgardskvartal, som gav romslege felles gardsrom og klassisk utforma byparti. I byane bygde dei vidare bortover gata i same stil, men i Odda kom ein aldri lenger enn til dette eine bygget. Dette er vårt storgardskvartal. I Bikubesong fylte Frode Grytten Murboligen med alle slags fantastiske skapningar, og bikuben har levd vidare. Det blei tidenes suksess på Det Norske teater, det blei Litteratursymposium i Odda, det blei eit begrep i seg sjølv. På denne lesinga, opnar bebuarane dørene og slepp oss inn i stovene sine. 

Forfattarane Pedro Carmona-Alvarez, Maria Navarro Skaranger og Tove Nilsen har alle behandla bustad på ulike og mangslungne måtar i sine bøker. Navarro Skaranger sin siste roman, “Emily forever”, handlar om ei ung mor som bur åleine i eit blokkmiljø på Romsås i Oslo. Nilsen er aktuell med romanen “Nordens elefanter og andre bekjente”, som handlar om forholdet mellom menneske og dyr, mellom anna i ei bustadblokk. Carmona-Alvarez har nyleg gitt ut diktboka “Dobbeltliv”, eit bestillingsverk til Møllebyen litteraturfestival, som mellom anna tematiserer kulturelt tilhøyve. Dei tre les frå bøkene.
bikubesalong

Pris

200

Dato og tid

06.10 kl. 14.00

Sted

MURBOLIGEN

Medverkande

PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
MARIA NAVARRO SKARANGER
MARIA NAVARRO SKARANGER
TOVE NILSEN
TOVE NILSEN